<img height="1" width="1" src="https://www.facebook.com/tr?id=1626966510916539&amp;ev=PageView &amp;noscript=1">

"Jobben med å legge billettar ut for sal er mykje enklare no enn tidlegare"

Enklare og betre billettsystem for festivalar

Publisert 3 februar 2017 av TicketCo

vossajazz-ticketco

Vossa Jazz kravde enkelheit, brukarvennleg teknologi og billettsal frå eige heimeside då dei jakta ny billettleverandør. Løysinga blei TicketCo.

 


Tradisjonsrike Vossa Jazz har sett tonen i meir enn førti år, og sidan midten på åttitalet har festivalen alltid funne stad i palmehelga. Den musikalske profilen femnar om jazz, folkemusikk og verdsmusikk, og opp gjennom åra har festivalen trekt store stjerner til skibygda. Vossa Jazz er kjent for å vera nyskapande, og det årlege Tingingsverket samt nye musikarkonstellasjonar som oppstår spesielt for festivalen står sentralt i programmet. Badnajazz, Superjazz og Ekstremjazz er andre viktige element.

Som festivalar flest er Vossa Jazz heilt avhengig av dugnadsinnsatsen til ei lang rekke frivillige, og billettsal og –kontroll er blant oppgåvene desse løyser. Festivalen er spreidd på fleire scenar rundt i bygda, og opererer med fleire typar billettar – både enkeltbillettar, dagskort og festivalpass. Logistikken er krevjande.

Marknads- og organisasjonskonsulent Kari Trana fortel at brukarvennlegheit var eit av dei viktigaste kriteria, då Vossa Jazz i 2013 skifta ut den dåverande billettleverandøren med TicketCo.

- Billettsal via vår eiga heimeside var eitt av krava våre. Brukarvennlege løysingar både for publikum og for dei frivillige på billettkontoret og i døra til konsertane eit anna. TicketCo leverer på begge desse punkta, seier ho.

I følgje Trana ligg det årlege billettvolumet til Vossa Jazz mellom fire og fem tusen, medan talet konsertar ligg i overkant av 40.

- Me har eit flott aldersspenn i publikummet vårt, alt frå born via svært teknologivande unge vaksne til eit godt vakse publikum. Me var spente på korleis det skulle gå når førehandssal berre skjer på nett, men det har gått over all forventning. Også mellom dei frivillige er aldersspennet stort. Likevel har me til gode å oppleva vanskar med billettane, sjølv blant dei minst teknologivande. Nokre har med seg papirutskrift av billettane sine, andre visar fram ein QR-kode på telefonen. Begge delar vert skanna enkelt ved inngangen.

Trana trekk også fram den enkle programmeringa av arrangement i systemet som eit stort fortrinn hos TicketCo.

- Jobben med å legge billettar ut for sal er mykje enklare no enn tidlegare. I tillegg er det raskt og enkelt å endre, til dømes dersom det skal leggast ut fleire billettar eller nye konsertar. Vi får også gode statistikkar og oversikt, og det er lett å fylgja billettsalet undervegs. 

Viktig å kunne gjøre raske endringar

TicketCo-gründer Carl-Erik Michalsen Moberg har som Vossa Jazz merka seg at billettsystemet er enkelt å bruke for frivillige.

- De frivillige er ein av motorane i kultur-Noreg, og vi har observert mange av dei i arbeid rundt på festivalane som nyttar TicketCo. Vi ser at dei lærar seg systemet veldig raskt, og at både dei frivillige og publikum likar TicketCo. Det finnast også gode løysingar for handtering av sponsorbillettarDet er viktig i eit billettsystem for festivalar. 

Michalsen Moberg meiner at den raske programmeringa er eit av dei fremste fortrinna hos TicketCo.

- I andre billettsystem må ein ofte melde inn endringar manuelt, og det kan gå fleire dagar før systemet har registrert dei. Det kan koste arrangørar dyrt, dersom ein til dømes aukar billettalet fordi ein konsert sel godt og ein har auka kapasiteten. Hos oss gjer ein slike endringar sjølv, og dei registrerast i same sekund. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev!

Meld deg på vårt gratis nyhetsbrev, slik at du kan ta helg med trygg forvisning om at du er helt oppdatert på innholdet vi publiserer. Bli med, du også!